
6.5K
Downloads
15
Episodes
Karpodden er podcasten for deg som har fått ein kar-relatert diagnose, for deg som er pårørande, og for deg som skal bli eller er helsearbeider. Vi tar for oss diagnoser, behandling, og korleis livet med ein karsjukdom kan vere. Podcasten er produsert av dei flinkaste fagfolka Helse Bergen HF innanfor karkirurgi og -sjukdom. Det meiner vi i alle fall sjølv. Ansvarlig redaktør er kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, fagansvarlig er avdelingssjef og overlege i karkirurgi Espen Tyse Gubberud.
Episodes

Friday May 06, 2022

Tuesday Apr 19, 2022
Bonusepisode 1: Norsk karkirurgisk forening
Tuesday Apr 19, 2022
Tuesday Apr 19, 2022
Værsågod, ein heilt gratis bonusepisode der vi presenterer vår hovudsamarbeidspartner Norsk Karkirurgisk Forening.
Påtroppande leiar Shakil Aslam og avtroppande leiar Øystein Rognerud tar oss i gjennom kva organisasjonen jobbar med, og kvifor dei har valgt å støtte Karpodden.

Tuesday Apr 19, 2022
Kva er karkirurgi
Tuesday Apr 19, 2022
Tuesday Apr 19, 2022
Vi har laga ein podcast som skal handle om karsjukdom, men kva er egentlig karsjukdom? Og kven behandlar desse lidingane i Noreg?
Vi har fått besøk av to tidlegare og ein noverande leiar av Norsk karkirurgisk forening som skal prøve å forklare dette for oss – og ikkje minst fortele oss kvifor nokon velger å verte noko så dramatisk som karkirurg.
Gjester
Shakil Aslam, overlege i karkirurgi ved Sykehuset Østfold og leiar i Norsk karkirurgisk forening
Øystein Hovi Rognerud, overlege i karkirurgi ved Sykehuset i Tønsberg og Ullevål Universitetssykehus
Nyttige begrep i denne episoden
Traumer = Skader som skyldes påvirkning utenfra

Tuesday Apr 19, 2022
AAA - eller utposing på hovudpulsåra
Tuesday Apr 19, 2022
Tuesday Apr 19, 2022
Utposing på hovudpulsåra i magen heiter på fagspråket abdominalt aortaaneurisme.
Ei slik utposing gjer vanligvis ikkje symptom eller varsel før hovudpulsåra sprekker, og då tel kvart sekund for å redde livet
I denne episoden skal overlege i karkirurgi, Espen Tyse Gubberud, ta oss i gjennom årsaker, sjukdom, behandling, og konsekvenser av denne diagnosen.
Nyttige begrep
Aorta - hovudpulsåra som går gjennom kroppen
Arterier – årer som leiar blod ut frå hjartet til kroppen
Vener - årer som leiar blodet tilbake til hjartet frå kroppen
Aneurisme – utposing på ei pulsåre

Tuesday Apr 19, 2022
Introduksjon til podcasten
Tuesday Apr 19, 2022
Tuesday Apr 19, 2022
Karpodden er ein fagleg podkast frå Karkirurgisk avdeling og kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus. I podcasten vår har vi med dei beste ekspertane i Noreg, og vi diskuterer ulike sjukdomar og tilstandar i blodårane.
Vi håper at du som er pasient eller pårørende vil få meir kunnskap om sjukdomen, og om behandlinga med å lytte til podkasten vår. Du som tar ei helsefagleg utdanning, eller som jobbar i helsevesenet vil før eller seinere møte på pasientar med karsjukdom, og du vil ha nytte av denne podkasten. Vi produserer innhald av høg faglig kvalitet, men vi lover å halde eit folkeleg og lett forståeleg språk.
Team Karpodden består av:
Lydia Johnsen, radiograf med doktorgrad i ultralyd av kar, podkastvert for Karpodden
Marius Løbø Fimland, kommunikasjonsrådgiver og produsent
Iren Drange Hjellestad, overlege og spesialist i diabetes, med doktorgrad i diabetes og karsjukdom
Einar Andre Brevik, overlege i karkirurgi
Espen Gubberud, overlege i karkirurgi, avdelingssjef Karkirurgisk avdeling, faglig redaktør Karpodden
Ansvarlig redaktør er kommunikasjonsdirektør Erik Vigander ved Haukeland universitetssjukehus.